Annastugu - eventyr og velvære i Vågå

Hel(t) hjem i Vågå, Norge

  1. 5 gjester
  2. 2 soverom
  3. 4 senger
  4. 1 bad
Vurdert til 5,0 av 5 stjerner.3 anmeldelser
Nina er vertskap
  1. 1 måned som vertskap

Høydepunkter ved utleiestedet

Innsjekking uten vert

Sjekk inn selv med nøkkelboksen.

Uslåelig beliggenhet

100 % av gjestene det siste året har gitt denne beliggenheten en 5-stjerners vurdering.

Drikk kaffen hjemme

Start morgenen på en god måte med kaffetrakter.
Noe av informasjonen har blitt oversatt automatisk.
Velkomen til Annastugu - eit sjarmerande og særprega tømmerhus på småbruket Nordihågå.

Her bur du omgitt av storslåtte fjell, trivelege dyr og smellvakkert kulturlandskap, med naturopplevingar rett utanfor døra. Midt i mot tronar Jotunheimen.

Huset er oppkalla etter Anna, som levde her på garden. Historia lev i dag vidare i dei gamle tømmerveggane, restaurert for moderne komfort.

Nyt morgonkaffen i veksthuset, senk skuldrene framfor vedomnen og opplev det ekte, rolege livet i fjellbygda.

Stedet
Annastugu er meir enn ein stad å overnatte – det er ein hjem med historie, sjel og nærleik til storslått fjellheim og levande kulturlandskap.

Her bur du i eit nyrestaurert tømmerhus i hjarta av Nordherad, omkransa av gamle gårder, beitemarker og fjell som skifter uttrykk med årstidene.

Huset har fått navn etter Anna, bestemor til husbonde Jo, som i si tid levde livet sitt her på garden i lag med mann og barn.

HUSET

Kjøkenet er huset sitt naturlige samlingspunkt – ein stad for lange frukostar, eit triveleg måltid etter fjellturen, og gode samtaler kring bordet. Her finn du alt du treng for å lage eigne måltid.

Stua er lun og innbydende med vedovn, gamle tømmerveggar og detaljar som minner om huset si historie. Den gamle budeiesenga står framleis på plassen sin, og bidreg til den varme atmosfæra som gjer at mange kjenner seg hjemme frå fyrste stund.

SOVEROM

Annastugu har to soverom. Det eine med dobbeltseng (140 cm), det andre med køyeseng ( 90 cm). Saman med budeiesenga i stugu gjev dette fleksible sovemoglegheiter for familiar, vener eller par som ønskjer litt ekstra plass.

BAD

Badet er nytt og kombinerer moderne komfort med huset sitt tradisjonelle uttrykk. Her finn du dusj, servant og toalett, omgjeve av varme naturmaterialer, historiske fliser og detaljer i messing. Eit lite pusterom der du kan starte dagen roleg eller varme deg etter ein dag ute i fjellet.

UTANDØRS

Utanfor døra venter stillheita, frisk fjelluft og utsikt mot det levande kulturlandskapet som gjer Nordherad så spesielt. Nyt morgenkaffen på terrassa, i tunet, les ei bok i sola eller ta inn dei lange sommarkveldane medan ljoset sakte forsvinn bak storslåtte Jotunheimen.


MARTHA-SUITA

Midt i tunet finn du Martha-suita, eit sjarmerande lite veksthus. Her kan du trekke deg attende med ei bok, nyte en kopp kaffe eller eit vinglas. I selskap med tomatplantar og andre blømande vekster, og eit utsikt du aldri blir mett av.

YOGA

Frå 1. september til 1. juni kan du og bli med på yoga i fantastisk stemningsfulle Studio Anna med spektakulært utsyn i etasjen under Annastugu. Vertinne Nina er sertifisert yogainstruktør - og Annastugu vart faktisk restaurert nett for dette formålet.

Som gjest er du hjartleg velkomen til å delta på faste timar eller bestille privat time etter avtale.
Kanskje det er nettopp ei roleg yogastund med utsikt til fjellheimen og smaragdgrøne Vågåvatnet som set prikken over i-en på opphaldet ditt.


GREIT Å VITE

I underetasjen av Annastugu finn du Nordihågå Gardsyoga, som gjennom året blir brukt til yoga, kurs og samlingar. Om sommeren blir desse lokala forvandla til ei lita og triveleg gjesteleilighet med eigen inngang.

Dette bidreg til eit levande og gjestfritt gardsmiljø, samtidig som Annastugu beheld si eigen private atmosfære.

Bueininga har eigen inngang, men enkelte uteområder på tunet kan vere felles.

Etter opphaldet ditt i Annastugu, håper vi du sit at med meir enn minna om eit triveleg hus. Vi vonar du vil dra vidare med kjensla av å ha fått ta del i eit levande kulturlandskap og eit stykke ekte bygdehistorie. Her går dagene litt saktere, lufta kjennes litt friskare, og det er lettare å finne ro.

Nordihågå er ein ekte heim i eit levande bygdemiljø - ein stad der du kan oppleve stillheita, historia og vere tett på naturen slik den faktisk er.

Her kjem mange for å gå litt saktere, puste litt djupare og kjenne på roa som følgjer med livet i fjellbygda

Gjestetilgang
I underetasjen av Annastugu finn du Nordihågå Gardsyoga, som gjennom året blir brukt til yoga, kurs og samlingar. Om sommeren blir desse lokala forvandla til ei lita og triveleg gjesteleilighet med eigen inngang.

Dette bidreg til eit levande og gjestfritt gardsmiljø, samtidig som Annastugu beheld si eigen private atmosfære.

Bueininga har eigen inngang, men enkelte uteområder på tunet kan vere felles.

Andre ting det er verdt å merke seg
Annastugu har elbil-lader for gjestar.

Vertskapet hjelp deg gjerne med forslag til turar, aktiviteter og eventyr i bygd og fjellheim.

Velkomen til gards!

Hvor du skal sove

1 av 2 sider

Dette stedet byr på

Kjøkken
Parkering på stedet uten ekstra kostnad
Dyr tillatt
Elbillader – nivå 2
Privat terrasse eller balkong
Utilgjengelig: Karbonmonoksidvarsler

Velg innsjekkingsdato

Legg til reisedatoene dine for å se nøyaktige priser

5,0 av 5 stjerner fra 3 anmeldelser

Nærområdet

Vågå, Innlandet, Norge

Møt verten

Vert
3 anmeldelser
5,0 av 5 i gjennomsnittlig vurdering
1 måned som vertskap
Født på 70-tallet
Jobben min: Yogalærar
Virksomhet
Yogabudeie og vertskap på Annastugu - med Jotunheimen som næraste nabo.

Medverter

  • Sigurd
  • Jo

Vertsopplysninger

Svarprosent: 100 %
Svarer innen en time
For å beskytte betalingen bør du alltid bruke Airbnb til å sende penger og kommunisere med verter.

Ting du bør vite

Kanselleringsvilkår
Husregler
Innsjekking etter kl. 15:00
Utsjekking før kl. 12:00
Maksimalt 5 gjester
Sikkerhet og eiendom
Karbonmonoksidvarsler ikke oppgitt
Røykvarsler
Kjæledyr bor på eiendommen